Årets kaldaste og våtaste cache

I allefall for min del 🙂

Under frokosten tikka det inn ein ny cache, vanligvis er vi då klar som eit egg til å rykka ut. Men i beskrivelsen stod det at ein måtte vade, evt svømma om da va høg vannføring. Og siden me var komt gjennom sommaren uten å ta eit bad, frista da ikkje så veldig no i september heller 🙂

Men siden me likavel sku i nærheten for å ta ein anna cache og litt vedlikehold på vår egen, stakk me nå innom ein liten tur. Den var ikkje blitt logga, så me håpte vel litt på ein FTF, siden det var mange timar siden den blei publisert. Men på veien innover tikka første loggen inn, men då va me jo komt så langt, så koffor ikkje ta ein liten kikk 🙂

Vel framme kom cache-innstinktet fram, så eg kasta lett sko og boksa og vassa ut i vatnet. Gjekk nok ikkje den mest optimiale veien, så eg endte med vatn te oppover hoftene, og da va både vått og kaldt. Men boksen blei funnet, og litt skjelvande logga (godt me har stempel). Må sei at da va litt deilig å få på seg tørr boksa og sko igjen etterpå. Og eg e veldig glad for at me ikkje venta te seinare på året med å ta den 🙂

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.