Askøy 7-fjellstur

I dag hadde me avtale med Oppdagerne (Elise og Christian) at me skulle prøva oss på denne turen. I følge listingen skulle turen ta ca 4 timar. Vel, kanskje for fjellgeiter, men ikkje for oss i allefall. Me brukte totalt ca 8,5 timar, og då hadde me og ein liten kjøretur for å sleppa å gå enda lengre 😀 Me parkerte eine bilen der me sku enda opp, og tok ein bil til startpunktet.

Turen blei litt lengre enn beregna, og me gjekk tom for vatn på slutten, men totalt blei da ein kjempegøy tur. Me begynte med overskya og antydning til regn, men utover dagen kom sola som dei hadde lova 🙂 Så da blei varmt og godt. Boksene fram til nr 4 gjekk som ein draum, fin sti og null problem å finna fram. Men så gjorde me nok da lura, me tenkte å vera litt smarte og ta boks 6 før 5, sånn at me kunne gå til bilen som stod litt etter boks nr 5. Vel, da va kanskje sti, men ikkje der me gjekk da e nå i allefall sikkert. Så turen fra 4 til endes gjekk så godt som i brakeskogen 🙂 Da blei både knall og fall, i allefall for min del, må bare innsjå at å holda seg på beina er ikkje noko for meg 🙂

Men til slutt hadde me alle koordinater, og me kjørte og parkerte i nærheten av bonusboksen. Og da va søren meg bratt opp der og gitt 🙂 Men til slutt, var den i boks, og Christian full av skogsmaur, og me kunne traska tilbake til bilen og nyta at me var ferdig for dagen 🙂

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.