Bergtatt

Ytterst i Øygarden, på Hellesøy, går da ei turløype som ender i ein gammal cache. Etter at denne kom opp på styremøte på torsdag,  bestemte me oss for at søndagsturen vår skulle gå hit. Halveis i løypa fekk me valget mellom vanlig løype og utsiktsløype, me valgte sjølsagt utsikten. Da var det rett ut i havgapet, småglatt svalberg og ein god omvei gav oss faktisk ein fin utsikt utover. 

Til slutt kom me til ein gapahuk og da kunne me målet vår. Framfor oss såg me ein stor og fin sprekk i fjellet. Innover i halvmørket bar da,  me hadde jo sjekka at me hadde skikkelig hodelykt med. Men hadde me sjekka at den hadde batteri….  Nei…?

Men med mobil med lykt kjem ein lamgt i nøden, og akkurat i da eg ålte meg fordi da trangeste kunne Lasse melda om at eg trengte ikkje gå lengre, for han hadde funnet boksen. 

Etter logging belønne me oss sjøl med litt lunch i gapahuken, for me tok ein heilt anna omvei tilbake til bilen.

 

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.