18. august 2010
Cachecaps
Etter ein del fram og tilbake, bestemte me oss for ei tid sida for å bestilla cachecapser med navnet vårt på. Litt harry, men veldig gøy 🙂 Men å få dei til den prisen me ville var ikkje bare bare.. Me bestilte dei kvar for seg for å sleppa toll, men trur du ikkje «snille» Vistaprint kleiste dei i ein pakke, sjøl om vi hadde betalt porto for begge, så då blei da både dobbel porto og toll. Og på toppen av alt så klarte posten å glemma å registrera pakken vår riktig, så den stod fortsatt registrert i Oslo når den egentlig låg nede på postkontoret vårt. Etter Lasse var ned der for andre gang og fekk dei til fysisk gå å leita etter pakken, då fant dei den gitt… Men, men.. Eg syns nå capsene va litt kule eg då, og gode på 🙂