9. august 2014
Cachetur i Aksdalsvantnet
I helga var vi ein tur på Haugalandet (som vanlig) 🙂
Og siden vi nylig hadde snakka om at vi mangla dykkarattributt etter å ha gitt opp på «Frustasjon Cache for Pandaklanen», var det ekstra gøy at det hadde kommet ein ny cache i Aksdalsvatnet som krevde dykking. Så i dag parkerte vi hos bror te BEKA21 (Beate), og fekk låna båten deiras ut i vatnet.
Denne dykketuren blei mykje lettare enn forrige forsøk, og ikkje lenge etterpå kunne vi stikka på land å finna sjølve boksen 🙂 Etterpå benytta me sjansen å ta ein del av cachene i nærheten som også ein trengte båt til, vi rodde litt alle sammen, nokre bedre enn andre 🙂
Me hadde fint vær på heile turen, og akkurat i da me festa båten igjen kom regnet, kunne ikkje ha vore meir perfekt timing.