Dag 13 Boden – Mosjön

Antall km: 384
Antall cacher: 13
Vær: 60 % styrtregn, resten sol og lett overskya

I dag starta me med å oppsøka bobilbutikken i Boden, men dei hadde virkelig begrederlig utvalg. Stod overhode ikkje i stil med nettsida deiras som lova gull og grønne skogar, så der ble da ingen vindskjermar. Så då gjekk turen videre te Luleå, men dei me fant der hadde sjølsagt stengt på lørdager 🙁

Så då kapitulerte me for i dag, og i måro e da jo veldig lite åpe. Forhåpentligvis finne me kanskje ein på mandag før me fere ut av Sverige igjen. Men me fekk nå litt action på veien i dag og, plutselig såg me nemlig at noko skygga delvis for ryggekamera. Me trudde først at da va vindskjermen på kamera som hadde falt ned, enda me hadde jo bare kjørt på fine veier i dag. Men så såg me plutselig at når Lasse var borti bremsen, så lyste da som var forann kamera. Då va da bare å stoppa på første P-lomme, dei e da heldigvis mange av her borte. Og me fekk vel litt sjokk når me kom bak og såg, for der hang heile spoileren og dingla. Bare flaks at den ikkje hadde løsna heilt under fart og flydd i ein bil bak oss eller noko. Da hadde vore skummelt.

Siden me verken hadde me oss stege eller silikon, måtte me bare ta den av :-0 Kanskje ikkje heilt forskriftsmessig å kjøra uten høgt bremselys på ein bobil, men me såg ikkje anna valg. Så Lasse klipte ledningene te lyset og løfta heile tingen ned. Syns fortsatt at da e litt rart at noko sånt kun va festa med silikon, men da e kanskje vanlig 🙂

Resten av turen i dag var heldigvis uten fleire sånne hendelser, men me kjørte forbi dei gigantiske ostehøvlane me og såg på vei te Finland for to år siden.
Me fant oss ein fin camping ikkje langt fra verken hovedvei eller eit lite (trur eg) vatn. Så i måro får me sjå kor nærme Østersund me kjem oss 🙂

20130817203946671

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.