Damsgårdsfjellet

Siden det var lova strålande vær i dag, bestemte me oss litt tidligare i veko for at me skulle ta oss ein felles tur te Damsgårdsfjellet etter jobb og før pizza 🙂

Været såg litt tvilsomt ut, men så snart vi var i gang begynte det å skinna opp, så me klager ikkje. Turen oppover starta noko meir bratt enn me hadde sett for oss, men sakte og sikkert kom me oss nå oppover. Når vi var komt opp var alt mykje lettare, og vi bestemte oss lika godt for å ta dei to andre boksane som også lå i nærheten av toppen. Så mens Lasse og Gro slikka sol, tok eg og Per Ivar oss ein liten ekstra tur. Oppdaga nok eit par nye steder med kjempefin utsikt, må jo faktisk innrømma at Bergen i solskinn er veldig fin, men da gjelde kanskje dei aller fleste byar 🙂

Etter å ha komt oss trykt ned igjen til bilen og satt snuten heim, e da sjelden at pizza har smaka så godt faktisk.

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.