Dondald Duck serien

I dag mårs etter frokosten var inntatt, begynte plutselig mobilane våre å gå amok. Det viste seg raskt å vera 13 nye cacher, i ein Donald Duck serie. Lagt ut av Harpix, som kvelden før hadde vore på pizza hos oss og, og ikkje sagt eit ord når me snakka om at me hadde lyst å laga ein Donald serie, den sniken. Så då va da bare å kasta seg i bilen og håpa på ein FTF eller to. Første låg ikkje så langt i fra oss, så den gjekk fint. Men så snart me kom til andre cache, fant me raskt ut at TeamBrudvik va ute og 🙂 Men me besteme oss for at me kunne jo likavel fullføra serien i løpet av dagen, i allefall prøva 🙂 Og dei va godt spredt, da blei både høgt og lavt. Tre av turane va mindre fjellturar, og oppoverbakkar og meg tar jo gjerna litt tid 🙂 Men kl 8 på kvelden kunne me stolte logga bonuscachen som nr 2 😀 Da va ein kjempegøy serie, og boksane var virkelig gjennomtenkt kor dei var plassert ut. Så nå må me bare få revo vår i gir og få begynt på serien me ønsker å laga, før nåken andre rappe den og 🙂

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.