Ein ny type multi :)

Her tidlegare i sommar vart me kontakta angåande ein multi som krever at cacharen må samarbeida med cacharar i Oslo og Trondheim. Dette var jo eit så artig konsept at me berre måtte vera med. Og no er den endeleg i boks (GC2K6MJ), me har til og med hatt ei eiga generalprøve på ho, kor me har gått gjennom heila løypa med dei i Oslo og Trondheim på tråden 🙂 Kjempegøy. Så no er det berre å venta i spenning på at nokon greier å få kontakter både her og der og faktisk freier å finna boksen 🙂

Gøy å faktisk måtte samarbeida med andre for å greie e å få lagd ut ein boks, håper berre dei som skal finna han òg syns det er like gøy som me.

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *