Første cache i Kvinnherad

Me har ei stund snakka om at me hadde lyst å legga ut ein cache og to i Kvinnherad, både forda da e få der, og da e så mange fine plassar. Og i helga sku me likavel opp på hytto, så då var det ein fin mulighet. Så rett etter jobb tok me bilen og satte av gårde, me fekk til og med tid å leita etter eit par cacher. Fant ein på Venjaneset, kor me og fekk lagt i fra oss ein TravelBug som likar seg ved sjøen. Og så va da den me va mest spent på, nemlig Hatlestrand Kirke. Denne blei lagt ut forrige helg, men ingen hadde vore å registrert seg på den enda, så da håpa me på at me sku få ein FTF (First to find). Men trur du ikkje at me blei slått med 45 min… Da va litt surt. Så nå får me venta på neste som blir lagt ut i nærområdet.

Når me då var ferdige med våre plikter på hytto, altså å få opp nytt tak inne på soverrommet vårt 🙂 Gjekk me oss ein tur oppover på fjellet for å finna ein fin plass te cachen, og da va ikkje så veldig vanskelig heller. Så nå får me bare venta i spenning på å sjå om nåken finner den før vinteren setter inn 🙂

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.