Frekhaug 2012
I helga var da tid for eit lite familie event på Frekhaug Folkehøgskule igjen, var jo her på 10 års eventet i fjor. Og siden folk likte seg, prøvde me med eit år til 🙂
Og me blei ein god del, nåken kom alt på fredagen, mens andre kom på lørdagen.
abra hadde høytidlig utlevering av GPSer med ny bokser på kl 10, og her blei da ikkje noko tull slik som da blei i ein viss påskekrim tidligare i år 😉 Etter alle hadde fått cacha fra seg, var da felles middag og ikkje minst eit foredrag etterpå med Steinar.Bergen. Utrulig artig å høyra litt meir om korleis satelittane som vi faktisk er heilt avhengige av fungere. Og ikkje minst tips til å få bedre forhold på GPSen når me er å cache, så det er i allefall notert ned bak øyra.
Søndagen var da klart for CITO event, så då blei da delt ut bossklyper og søppelposar til den store gullmedalje. Og folk fant boss både her og der, kanskje nåken små som syns sneglane var gøyare enn bosset, men men.. BEKA21 blei veldig gode venner med kyrna på nabobakken 🙂
Så forhåpentligvis blir da noko alla dette neste år og, syns det er gøy med eit event som går over heila helga, mykje meir sosialt enn bare dagseventer. Me krysser fingrane for at me kjem på noko gøy.