Københavntur
For ei stund tilbake dukka da opp eit event i København som såg spennande ut, da e vel ikkje kvar dag at me finner ut at me skal reisa så langt for eit to timars langt event akuratt 🙂
Etterkvart balla da på seg der nede, og fleire og fleire sku nedover. Siden da ikkje frista med båt, og egentlig heller ikkje med fly, falt valget på bil. Ikkje lenge etterpå fekk me ein liten lyd fra GorgonVaktmester om me kanskje passerte han på veien nedover. Og då va me ikkje vanskelige å be.
Så me drog heimante tidlig på torsdagen, med kursen for Oslo. Klarte jo kunststykket og totalt bomma på «kolonnekjøringen» gjennom Vallavikstunellen, så der mista me halv anna time. Men me fekk nå fortsatt tid te ein liten pit-stop i Eidfjord, for litt kaffi på ambulansestasjonen hos Mr. Jacobsen 🙂
Etterpå bar da strake veien te Oslo, i den grad da går ann å kjøra strakt i Oslo. Her klarte me nemlig å havna på ville veier, ikkje bare ein, men to ganger… Første gangen var da nok sikkert mest vår egen feil, me fekk beskjed kor me sku kjøra, og trudde at me hadde fulgt TomTom, men når TomTom seie at me skal ta andre avkjøring i rundkjøringa, og me ser at mellom oss og rundkjøringa TomTom snakkar om er det både ein refuge og eit solid gjerdet, då innser me at me kjøre på trikkeskinnene me, som kun er for trikk.. Og lengre framme kjem da søren meg ein trikk i mot og… Heldigvis kom da eit hull i gjerdet før den tid, og me kom oss ut uten at me havna på førstesidene på avisene 🙂 Og litt lengre oppi høgget, fulgte me både TomTom og der me pleie å kjøra, men der hadde dei vist stengt, uten å informera så mykje om da. For plutselig var all asfaltet vekke mellom trikkeskinnene (her skulle me kjøra på skinnene altså), og da blei himla humpete. Men me kom oss gjennom der og slutt heldigvis.
Til slutt blei me trygt losjert inn hos Monika og Henriette, og fekk hilsa på lille Lukas Aleksander, og pusekattane sjølsagt.
På fredagen tok me ein aldri så sliten stikktur nedom Vestby mens me venta på at GorgonVaktmester skulle bli ferdig på kurs. Så nå har me nye matter på innsida av ytterdøra, te ein mykje lavare pris enn me hadde funnet andre plasser.
Når me så hadde installert GorgonVaktmester i bilen, var det å setta kursen rett på København, planen var at me skulle rekka eit event der på fredagskvelden, og da begynte halv ni, og sku vara i 15-20 min. Så nedover turen gjekk nesten uten stopp, kun da aller nødvendigaste, som tissepause, bensin og ein cache i kvart land nedover. 😉
Og me rakk da, men nød og neppe.. Så når me kom til eventet, hoppa eg og GorgonVaktmester ut på rødt lys, men Lasse stakkar måtte prøva å finna ein parkeringsplass. Han klarte da te slutt, men då var eventet over, og me kunne lika godt gå til møtes med han. Da blåste godt, så da va litt deilig å komma seg inn på hotellet med alt pikkpakket før me kunne gå ut å få litt mat i kroppen.
Lørdagen var me litt meir forberedt på vind, da va jo tross alt -4 grader og nesten stiv kuling. Me begynte dagen med å ta litt gøye boksar, slik som webcam og slik, og joda da går fem stykk inn i bilen vår, men steikje kor trangt da blei. Stakkars Elise satt i midten, og blei vel litt skvist i ny og ne.
Til slutt va da klart for hovedeventet, og da dukka opp folk gitt… Har aldri stått så lenge i kø for å signera ei eventbok 🙂 Men opptellinga etter eventet fortalte at da blei 506 signaturar i boka, så plutselig hadde me vore på Mega-event gitt 🙂 Sånt e gøy….
Siden me allerede hadde tatt mange forskjellige cachetypar i løpet av dagen, fant me ut at me måtte jo avslutta med ein WhereIGo, sånn at me faktisk klarte 9 cachetypar på ein dag. Da va ny rekord for alle oss..
Søndagen va da klart for heimtur, siden da va så passa kaldt, og ikkje blåste noko mindre, blei da litt mindre enn opprinnelig planlagt. Men me fekk nå plukka med oss ein par oppover, og rakk ferja på Strømstad med god margin 🙂 Og der kunne me jo kosa oss med buffet og gratis drikka, veldig kjekt for oss som ikkje kjørte 😉 Og da va litt godt å kunna innlosjera seg hos GorgonVaktmester for natta.
Mandagen var jo Lasse sin bursdag, og mesteparten av den blei tilbrakt i bilen på vei heim, kom litt før fira om ettermiddagen og då va da bare å kasta seg over litt kakebaking og bollelaging 🙂 Kl 7 va da klart for familiebesøk og kakespising, og alt går jo så lenge ein ikkje stressar og tar ting som da kjem, da funka denna gangen og.
Så etter ei kjempegøy helg, e da litt godt å komma heim å slappa av litt 🙂
Ingen tvil om at dere har hatt en fin tur. Nesten litt misunnelig, men satser heller på noen sprell til sommeren [:D]