Lovatnet

imageLike før helga dukka da opp ein e-post med info om at det var kommet ein ny cache i Kvinnherad, da skjer jo ikkje kvar dag 🙂 Og etter å ha kikka litt på den, fant me ut at dette såg ut til å vera ein overkommerlig tur. Det kom ein nærmare helga, men da va Malmangernuten, så den utsetter me til ein anna gang.

Og siden da var strålande vær når me stod opp, blei valget om tur enda lettare. Så etter å ha slappa litt av og åte frokost var det avgårde innover. Detta e jo ein plass eg knapt nok har vore før, kun innover til melkemannen vår for å henta fløyte om me var tomme i bakeriet når eg var yngre 🙂

Turen gjekk innover på grusvei i omtrent 2 km, flatt og greit. Etterkvar gjekk da over i sti, eller nesten tråkk, og da begynte da å gå oppover og gitt 🙂 Eit stykke oppi lia blei me forbigått av eit par som me var litt redde for at var cachere, siden dei innrømte at dei hadde aldri vore innover her før. Og litt seinare på turen kom melkemannen og innover, han hadde sendt resten av familien oppover tidligere på dagen. Begynte å bli skeptisk til om vi kom til å finna boksen, siden det tydligvis var ein del folk der. Men etter litt pauser og meir oppoverbakke, kom vi oss heilt fram. Og der var da skikkelig idyllisk, og nullpunktet var heldigvis litt tilbaketrukket fra der alle andre var. Og me var første mann til å signere oss inn 🙂 🙂

Så blei da tid for ein liten lunch og litt avslapping ved vannet før me tusla heim igjen. Utrulig mykje raskare da går å gå nedover gitt 🙂

 

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *