Oslotur – fredag 2. mai

I dag var det klart for dag to i Oslo, og me hadde avtalt å møte Krister (harpix) for å kjøre litt rundt å ta cacher som enten hadde litt gøy rating, eller som hadde fått mange favorittpoeng.
Det førte oss både inn i største cachen vi har sett hittil (det var et helt hus), og vi fikk tilbringt noe tid med å kikke opp i trær, bare for å innsjå at dei får ligge til ein anna gang gitt. Det artigste denne dagen blei nok også to ting som eg særdeles ikkje likar, nemlig å tilbringa tid sammen med ekle småkryp på litt trange plasser. Første turen av det slaget, blei ein krabbetur inn i ein bittelitten tunell. Heldigvis var det ikkje meir enn ca 10 m vil eg tru, men det var så trangt at eg måtte rygga ut igjen for å snu var ikkje mulig. Den andre turen var lang og kald, og utrulig artig. Her skulle vi inn i ein overvannstunell, og me såg raskt at her blei me våte på beina. Så da va bare å ta av sokker og beholde skoa på. Og me gjekk og me gjekk, og etterkvar blei da ein litt trangare tunell og ein litt trangare tunell. Og hadde da ikkje vore for at eg hadde selskap der inne, hadde eg vore ute igjen for lenge siden. Siste tunellen var så trang, at der må eg innrømma at om eg ikkje hadde sett enden, hadde eg aldri gått inn i den. Men heldigvis åpna den seg opp til ein større rom, til og med egen foss 🙂 Og me fant cachen me var på leit etter og kunne begynna på turen tilbake, som gjekk mykje bedre 🙂

Me feira med å skynda oss for å rekke kveldens event på Ekebergsletta, for å sjå solnedgangen. Og etter å ha slabberert med kjente og ukjente, fekk me til og med tid te ein aldri så liten sein middag på ei pizzasjappe i nærheten.

image

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *