Oslotur – lørdag 3. mai

Opprinnelig plan i dag var å prøve å få flest mulige cachertyper på ein dag, men siden Krister (harpix) forsov seg (heldigvis :)) utgjekk den planen, og me storkoste oss rundt omkring i Oslo på gåtur i stedet for. Mykje meir behagelig måte å tilbringa dagen. Etter å ha starta med eit oppvarmingsevent, slo me følge med Stein (Gorgon Vaktmeste), Beate (BEKA21) og Andreas (Andal) på tusleturen dei hadde lagt opp. Me ente da opp med å ta ein kaffi på operaen i Oslo før me tok trikken opp til dagens hovedevent. Burde kanskje ha vore dagens høydepunkt og, men å kalla da e å overdriva litt. For eg trur detta e verdens første Mega-event kor ein ikkje har hverken ein åpning eller noko som helst. Men, men.. Mykje folk va da i Frognerparken da va i allefall sikkert, og bare da e jo litt gøy 🙂

Etter å ha tatt trikken tilbake til sentrum, veldig greit med dagskort fant me ut, blei da nok ein tusletur. Me fekk funnet både nye og gamle boksar, men da e jo da som e gøy med å gå å labba sammen med andre, da gjere liksom ikkje noko om me har funnet ein boks så lenge da e andre som mangle den.

I dag skjeia me skikkelig ut med ein bedre middag, da va små porsjonar og veldig godt. Eg hadde sett meg ut blåskjell og pommes frites, men da va dei jo sjølsagt tom for 🙁 Men breiflabben eg tok i stedetfor var fortreffelig 🙂

image

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *