I dag va da ingen bønn, sjøl om eg klagde på at eg fortsatt va tålig tett i pappen og andre plasser. Så då va da bare å finna fram fult regntøy og ut i norsk natur. Siden me viste at da i allefall va ein cache på Smøråsen, og siden eg ikkje hadde vore der enno, va da eit supert mål for turen. Og da blei ein veldig fin tur, sjøl om da auste ned mesteparten og da va godt og vondt i terrenget Cachen fant me og uten store problemer, i allefall den som va der han sku vera Så opp der ska me fleire gonger for å gå tur. Og ekstra deilig va da når me kom heim trøtte og våte, at mor te Lasse ringte og inviterte på kjøttkaker.. yummy…
Joho, sola finnes :-)
Dei seie jo at bak skyene e himmelen alltid blå, og i dag fekk me faktisk sjå litt av den. Dagen begynte veldig bra, me hadde fint vær på turen ut i havgapet (les: Fedje). Så me fekk faktisk vist gjeste våre at da ikkje bare regna i Bergen Fant cachen gjorde me og etter litt fjellklatring og gjørmehopping. På heimturen kom regnet tilbake til oss, hadde jo vore forgale om me hadde hatt fint vær lenge 🙂
Vår første cachetur
I går satte me av garde i ruskevêret i håp om at det ville letta litt, slik at me fekk vist fram Vestlandet frå si beste side, men den gong ei. Men turen vart nå koselig likevel, sjølv om vêret ikkje akkurat var med oss. Litt cacher på vegen vart det, og ein veldig lur måte å få pausar undervegs på, og få kome seg ut av bilen og strekkje på beina.
Me kjørde til Eidfjord, så vidare til Odda og Folgefonntunnelen. Så, i nattens mulm og mørke (rundt halv ti), ankom me hytta, så det vart mykje å-ing og slikt då me vakna i dag og dei kikka ut vinduet, gitt. Var ein tur inne i enden på vegen og kikka på fonna, men det var litt tåkete og regnfullt, diverre. Etter eit stopp på baroniet, bar det heim til Valen for litt deilig lunsj. Etterpå testa me Halsnøytunnelen – for fyste gong – på veg attende til Bergen.
Så no håpar me berre på betre vêr i morgon, for då ska me ut til Fedje og sjå om me ikkje fin den cachen som ligg der…