På vei heim igjen

Etter ei kjempekoselig helg på Savalen er det på tide å setta nasa heim igjen. Me hadde kjempefint vær heile turen, og tok middagsstopp midt oppå fjellet 🙂

Sjølsagt blei da ein boks og to på turen.
imagett

Mystery-tur

image

I dag blei me invitert med på ein liten mystery-runde sammen med Gro og Per Ivar i revehiet. Dei hadde ein del mysteryer dei hadde løyst, og nåken av dei var slike som me hadde løyst uten å komt så langt som å henta inn endo. Og då e da alltid greit å ha nåken som kan dra oss med ut litt 🙂
Da blei som vanlig ein kjempekoselig ettermiddag, og som alltid tar da litt lengre tid enn me trudde. Men kva gjere vel da når me er i godt selskap 🙂

Lovatnet

imageLike før helga dukka da opp ein e-post med info om at det var kommet ein ny cache i Kvinnherad, da skjer jo ikkje kvar dag 🙂 Og etter å ha kikka litt på den, fant me ut at dette såg ut til å vera ein overkommerlig tur. Det kom ein nærmare helga, men da va Malmangernuten, så den utsetter me til ein anna gang.

Og siden da var strålande vær når me stod opp, blei valget om tur enda lettare. Så etter å ha slappa litt av og åte frokost var det avgårde innover. Detta e jo ein plass eg knapt nok har vore før, kun innover til melkemannen vår for å henta fløyte om me var tomme i bakeriet når eg var yngre 🙂

Turen gjekk innover på grusvei i omtrent 2 km, flatt og greit. Etterkvar gjekk da over i sti, eller nesten tråkk, og da begynte da å gå oppover og gitt 🙂 Eit stykke oppi lia blei me forbigått av eit par som me var litt redde for at var cachere, siden dei innrømte at dei hadde aldri vore innover her før. Og litt seinare på turen kom melkemannen og innover, han hadde sendt resten av familien oppover tidligere på dagen. Begynte å bli skeptisk til om vi kom til å finna boksen, siden det tydligvis var ein del folk der. Men etter litt pauser og meir oppoverbakke, kom vi oss heilt fram. Og der var da skikkelig idyllisk, og nullpunktet var heldigvis litt tilbaketrukket fra der alle andre var. Og me var første mann til å signere oss inn 🙂 🙂

Så blei da tid for ein liten lunch og litt avslapping ved vannet før me tusla heim igjen. Utrulig mykje raskare da går å gå nedover gitt 🙂

 

Oslotur – 4. mai

I dag skulle me bare ha ein skikkelig slakkedag 🙂 Me blei henta av Krister (harpix) og drog avgårde på Grenlandsmafiaen sitt event litt utenfor sentrum. Her var da oppskrifta på korleis skikkelige event skal holdes. Da va både velkomst, me fekk lodd og pins og da kom ein ny boks. Sånn at da blei FTF-jakt sammen med rundt 50 andre 🙂 Me vant ikkje noko på loddet, men da gjordet ingenting, for me storkosa oss.

Etterpå var det bare å hiva seg i bilen, for nå skulle me te Hovedøya på nytt event. Etter å ha parkert bilen tusla me ned til Aker brygge, først etter ei stund tok me ein kikk på kor båten skulle gå i fra, me var jo heilt sikker på at den gjekk fra Aker brygge, men neida.. Den gjekk fra Vippetangen, så då va da bare å traska i vei den litt gode kilometeren da va te der båten faktisk gjekk fra. Da betydde at me ikkje rakk den me hadde sett for oss, men da betydde bare at me kom nesten først i køen til neste båt 🙂

Vel ute på Hovedøya gjekk me nesten i gåsegang opp til første boks, kor CO stod å overvåka at alle fekk skrevet seg inn 🙂 Etter å ha kost oss litt i sola og høyrt på eit kort foredrag om klosteret som var der ute tidligare, tok me båten tilbake til sentrum.


Me va så heldige at hotellet vårt hadde Lazy sunday, noko som betydde at me ikkje hadde utsjekking før kl 18, og da passa oss veldig godt. Etter å ha sjekka ut, og satt koffertene på hotellet, fekk me oss nok ein tusletur rundt i sentrum mens me venta på nattoget. Kvelden blei avslutta med ein god kaffi på Starbucks, før me kunne tusla inn i senga vår toget, bare for å våkna igjen i Bergen 🙂

image

Oslotur – lørdag 3. mai

Opprinnelig plan i dag var å prøve å få flest mulige cachertyper på ein dag, men siden Krister (harpix) forsov seg (heldigvis :)) utgjekk den planen, og me storkoste oss rundt omkring i Oslo på gåtur i stedet for. Mykje meir behagelig måte å tilbringa dagen. Etter å ha starta med eit oppvarmingsevent, slo me følge med Stein (Gorgon Vaktmeste), Beate (BEKA21) og Andreas (Andal) på tusleturen dei hadde lagt opp. Me ente da opp med å ta ein kaffi på operaen i Oslo før me tok trikken opp til dagens hovedevent. Burde kanskje ha vore dagens høydepunkt og, men å kalla da e å overdriva litt. For eg trur detta e verdens første Mega-event kor ein ikkje har hverken ein åpning eller noko som helst. Men, men.. Mykje folk va da i Frognerparken da va i allefall sikkert, og bare da e jo litt gøy 🙂

Etter å ha tatt trikken tilbake til sentrum, veldig greit med dagskort fant me ut, blei da nok ein tusletur. Me fekk funnet både nye og gamle boksar, men da e jo da som e gøy med å gå å labba sammen med andre, da gjere liksom ikkje noko om me har funnet ein boks så lenge da e andre som mangle den.

I dag skjeia me skikkelig ut med ein bedre middag, da va små porsjonar og veldig godt. Eg hadde sett meg ut blåskjell og pommes frites, men da va dei jo sjølsagt tom for 🙁 Men breiflabben eg tok i stedetfor var fortreffelig 🙂

image

Oslotur – fredag 2. mai

I dag var det klart for dag to i Oslo, og me hadde avtalt å møte Krister (harpix) for å kjøre litt rundt å ta cacher som enten hadde litt gøy rating, eller som hadde fått mange favorittpoeng.
Det førte oss både inn i største cachen vi har sett hittil (det var et helt hus), og vi fikk tilbringt noe tid med å kikke opp i trær, bare for å innsjå at dei får ligge til ein anna gang gitt. Det artigste denne dagen blei nok også to ting som eg særdeles ikkje likar, nemlig å tilbringa tid sammen med ekle småkryp på litt trange plasser. Første turen av det slaget, blei ein krabbetur inn i ein bittelitten tunell. Heldigvis var det ikkje meir enn ca 10 m vil eg tru, men det var så trangt at eg måtte rygga ut igjen for å snu var ikkje mulig. Den andre turen var lang og kald, og utrulig artig. Her skulle vi inn i ein overvannstunell, og me såg raskt at her blei me våte på beina. Så da va bare å ta av sokker og beholde skoa på. Og me gjekk og me gjekk, og etterkvar blei da ein litt trangare tunell og ein litt trangare tunell. Og hadde da ikkje vore for at eg hadde selskap der inne, hadde eg vore ute igjen for lenge siden. Siste tunellen var så trang, at der må eg innrømma at om eg ikkje hadde sett enden, hadde eg aldri gått inn i den. Men heldigvis åpna den seg opp til ein større rom, til og med egen foss 🙂 Og me fant cachen me var på leit etter og kunne begynna på turen tilbake, som gjekk mykje bedre 🙂

Me feira med å skynda oss for å rekke kveldens event på Ekebergsletta, for å sjå solnedgangen. Og etter å ha slabberert med kjente og ukjente, fekk me til og med tid te ein aldri så liten sein middag på ei pizzasjappe i nærheten.

image

Damsgårdsfjellet

Siden det var lova strålande vær i dag, bestemte me oss litt tidligare i veko for at me skulle ta oss ein felles tur te Damsgårdsfjellet etter jobb og før pizza 🙂

Været såg litt tvilsomt ut, men så snart vi var i gang begynte det å skinna opp, så me klager ikkje. Turen oppover starta noko meir bratt enn me hadde sett for oss, men sakte og sikkert kom me oss nå oppover. Når vi var komt opp var alt mykje lettare, og vi bestemte oss lika godt for å ta dei to andre boksane som også lå i nærheten av toppen. Så mens Lasse og Gro slikka sol, tok eg og Per Ivar oss ein liten ekstra tur. Oppdaga nok eit par nye steder med kjempefin utsikt, må jo faktisk innrømma at Bergen i solskinn er veldig fin, men da gjelde kanskje dei aller fleste byar 🙂

Etter å ha komt oss trykt ned igjen til bilen og satt snuten heim, e da sjelden at pizza har smaka så godt faktisk.

Loddo

Austevoll er jo ikkje plassen vi er oftest, men i ny og ne drar eg jo på jentetur ut til Heimark, og denne helge var det tur igjen 🙂
Etter å ha vore strålande vær heile veka, var det litt kjipt å våkna opp til duskregn i dag, men turen var bestemt og den planen vek me ikkje fra.
Og det angret vi ikkje på, vi hadde både duskregn og opphold på veien, det som vel var litt synd var at me ikkje fekk sett utsikten fra toppen skikkelig. For dei hadde nemlig vore så snille at dei hadde bygd ein høg platform på toppen, og den måtte eg jo bare opp på 🙂 Totalt blei turen på 5,8 km, da me valgte rød løype opp og kvit, som var lengre, ned igjen.

 

 

 

Jærentur

Denne helga hadde vi planlagt ei stund, så vi reiste nedover til Haugesund allerede torsdag ettermiddag. Dette gav oss muligheten til å kose oss og cache litt på fredagen sammen Beate som vi som vanlig bur hos nede på Haugalandet. Me var jo ekstremt heldige med været heila helga, så me hadde ein kjempetur på fredagen rundt omkring.

Lørdagen starta tidlig, veldig tidlig te å vera ein lørdag. Vi skulle nemlig ha oppmøte i sentrum av Haugesund kl 07.00, siden vi skulle rekke et event som starta kl 10 nede på Jæren 🙂 Men det gjekk det og, og vi kom oss avgårde med masse pikkpakk og nok mat og drikke til å komme oss gjennom dagen. Me oppdaga raskt når me kom fram at me var glade me hadde pakka stilongs begge to, for sjøl om da va strålande sol, så var da litt kaldt vind, og da blei jo ein del timar i ro både under eventet og ikkje minst mens me venta på dagen høydepunkt 🙂

For turens absolutte høydepunkt, i alle måtar, var klatreturen til toppen av ei stor steinblokk. Det var første gangen eg fekk testa å klatra oppover, og ikkje rappelere nedover. Og det var gøy, må vel innrømma at eit brattkort fristar meir og meir, og eg hadde vel aldri trudd at eg ville lika fjellklatring. Så sjøl om da blei mykje venting, siden me var mange som vil opp, så var da kjempe, kjempegøy.

Søndagen var me litt treige i gang, men til slutt var me på vei heimover, bokstavelig talt. Me sku nemlig til Valen, siden eg sku prøva bunaden som mamma holder på å fiksa på. Og den passa heldigvis ved denne prøvinga og. Puh….
Så nå e da bare å gleda seg te den e heilt ferdig og 17. mai kjem og eg kan bruka den 🙂 🙂

Så da blei ei travel med morrosam helg.

Hetlebakksåta

Hetlebakksåta

I dag avtalte me med Revehiet (Per Ivar i allefall) at vi skulle ta oss ein liten fjelltur, og siden vi begge mangla «Hetlebakksåta», så da var ikkje valget vanskelig å ta. Etter å ha studert litt på kartet og sett på høydekotane, som da e mange av i området 🙂 Falt valget på at vi parkerte med Haukås skule og gjekk derifra. Der fekk me fin sti heile veien oppover. Og me fekk med oss dei fleste årstidene på turen, me hadde ein god del sol, men og regnbyer og skikkelig haggel 🙂
Totalt blei turen vår på 6,5 km (i følge GPSen) og total stigning på 304 meter, ikkje så mykje men stigningen kom i løpet av relativt kort distanse, så me fekk nå merka da godt 🙂 Og med eit par utsiktspauser på turen, brukte me totalt 3 timar og 20 min.