Rappellering

image

Tenk at eg sku få testa rappellering, da er noko som har stått på ønskelista i mange år. Og sjølsagt måtte da ein cache til 🙂

Mens me nøyt ferien kom da nemlig ut ein boks midt i ein vegg på Helleneset, første tanken var et den kjem til å ligga ulogga av oss, me har jo ikkje utstyr te sånt. Men mens me var på vedlikeholdsrunde på boksane våre i dag fekk me snusen i at noko va på gang, og ikkje lenge etterpå var me invitert med på cachetur med Christian som sikkerthetsansvarlig. Sånt kan me lika. Så halv seks stilte me opp på nullpunkt og kikka oss litt rundt. Sågmjo raskt kor boksen var. Og til Lasse sin fortvilelse 🙂 var det eg som trakk det lengste strået. Yes!!!!

Måtte smørra meg med tålmod mens dei foran meg i køen fekk leka seg, men endelig var da min tur. Hadde nok trudd at eg faktisk sku vera litt meir nervøs, og skeptisk til at utstyret holdt, men da va kun spente sommarfuglar i magen. Og alt for kort tid etterpå var eg nede på bakken igjen, må jo sei at da gav meirsmak. Og som bonus fekk me jo logga ein boks.

Etterpå var da avgårde te ein ny multi som var komt i området, men meir om den når den oppgava er ferdig løyst 🙂

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *