4. august 2016
Sommerferie 2016 – Bergen – Florø
I dag var det endelig klart for årets ferietur, ikkje da at me ikkje har rekt rundt tidligare i år:.-)
Dagens etappe var kort og grei fra Bergen til Florø, sjølsagt med eit par cachestopp underveis.
Ved flyplassen i Bringedal låg det ein del sauer og slappa av, midt i veien. Vanligvis kan ein jo bare rusa bilen litt, så stikke dei. Men neida, her måtte eg fysisk ut av bilen for at dei gadd å letta på seg. Og ved Norgesboksen i Florø stod ein hjort lika ved stien, han gadd heller ikkje bry seg noko om oss, han var for opptatt med å fjerna noko mose som satt fast i geviret 🙂