Stockholm – Karlstad
Dagen i dag begynte med ein god gåtur i Stockholm, for litt kikk og litt caching 🙂 Me fekk til og med shoppa oss eit nytt par sko, me traff nemlig nåken finnar i Tampere som hadde nåken sandaler som såg heilt digg ut. Dei hadde tå, sånn at du ikkje slår borti alt mulig, og siden dei sa at dei va kjøpt på Intersport måtte me jo leita litt etter da. Me fant dei ikkje på nåken intersport i Finland, og hadde vel egenlig gitt litt opp. Men siden me nå likavel såg ein gigantisk Intersport i Stockholm tok me jo ein tur innom. Og trur du ikkje dei hadde sko til halv pris, og til og med dei skoa me ville ha.. Så nå e me stolte eigare av to par keen sandaler 🙂 Etter å ha vandra byen og plukka litt bokser i ca 4 timar var da på tide å komma seg videre. Målet i dag var å komma oss te Karlstad kor abraene har campingavogna si ståande og overnatta i nærheten av dei.
I Karlstad blei me godt tatt i mot, abraene diska opp med skikkelig kvelds te oss, og me hadde rett og slett ein kjempekveld i godt selskap. Fekk til og med sneke inn ein cache på veien fra campingvogna deiras og bort til vårt overnattingsplass 🙂 Digg it!!
Km: 350