Vår første cachetur

I går satte me av garde i ruskevêret i håp om at det ville letta litt, slik at me fekk vist fram Vestlandet frå si beste side, men den gong ei. Men turen vart nå koselig likevel, sjølv om vêret ikkje akkurat var med oss. Litt cacher på vegen vart det, og ein veldig lur måte å få pausar undervegs på, og få kome seg ut av bilen og strekkje på beina.

Me kjørde til Eidfjord, så vidare til Odda og Folgefonntunnelen. Så, i nattens mulm og mørke (rundt halv ti), ankom me hytta, så det vart mykje å-ing og slikt då me vakna i dag og dei kikka ut vinduet, gitt.  Var ein tur inne i enden på vegen og kikka på fonna, men det var litt tåkete og regnfullt, diverre. Etter eit stopp på baroniet, bar det heim til Valen for litt deilig lunsj. Etterpå testa me Halsnøytunnelen – for fyste gong – på veg attende til Bergen.

Så no håpar me berre på betre vêr i morgon, for då ska me ut til Fedje og sjå om me ikkje fin den cachen som ligg der…

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.