Vikingeventveka på Haugalandet

Endelig var det klart for nesten ei heil veka med eventer nede på Haugalandet 🙂
For oss starta da nesten på mandag, da fant vi en letter småfortvilt Gorgon Vaktmester sittende utenfor boden vår, ristande på ein boks. Etter å ha forbarma oss over han, parkerte me han i oppkjørselen til dagen etterpå.
Og litt utpå tirsdagen bare da sør over, første stopp for oss blei Fitjar. Der skulle me innom Fitjar Såpekokeri ein liten tur, utrulig artig liten butikk, som da dunsta langt vei av 🙂
Me fekk og tid til ein lunchstopp på Leirvik, der skulle me prøva å finna oss ein pizza, og me fekk erfara at da var ikkje bare, bare gitt. Men etter omtrent 1 times leiting i sentrum, klarte me til slutt å hosta opp ein god pizza.
Da blei jo nokre cacher på veien nedover, så me rakk akkuratt å få i oss litt nylaga komla hos BEKA21 som me skulle bu hos, før da bar avgårde til første event.

Secret meeting in the dark var ved ei lita hytte inne ved nokre turstiar ved Bjørgene, her dukket det stadig opp flere andre cachere, både kjente og ukjente. Me fekk plukka med oss eit par bokser som alt låg i området før det var loddtrekning og ikkje minst ei ny refleksløypa, siden det jo er sommar, måtte me venta litt på at det skulle bli mørkt nok 🙂 Lasse blei slått på målstreken, så me måtte nøya oss med ein STF (second to find), men da gjere jo lite i godt selskap.

Onsdagen blei brukt til ein tur i området rundt Sveio, me fekk mange nye boksar og BEKA21 fekk vedlikeholdt mange av sine, ein vinn vinn situasjon med andre ord. Etter ein lunch på Sveio bar da tilbake til Haugesund og nytt event.
Nå stod GSAK Help Desk på menyen med Gorgon Vaktmester ved spakene. Vi lærer alltid noko nytt på disse GSAK eventene, og denne ganger var ingen unntak 🙂 Etter eventet cachet vi oss nesten i sengs 🙂

Torsdagen fekk me erfara at da ikkje er bare bare å vera med på eventveka, for i dag stod nemlig Breakfast event på menyen.  Og da betydde oppmøte på Steinsfjellet klokka 06.30 🙂 Det dukka ein del trøtte tryner opp her i løpet av eventet, og værgudane bidrog med at me fekk oss ein aldri så liten morgendusj. Men kva gjere vel da i godt selskap, og ikkje minst FTF (first to find) på den nye boksen som kom i området. Da til tross for at me tok avigerus metoden og fulgte GPSen slavisk, mens resten sprang veien rundt. Heldigvis var Lasse raskt på foten, og største konkurrenten fortsatt forbi nullpunkt. Litt flaks er lov 🙂 Resten av dagen gjekk med til cahcing rundt omkring på Karmøy 🙂 Mange fine plasser, og siden været letta blei da ein fin tur.

Fredagen fekk me muligheten til å kikka på nye bobilen te mamma og pappa, før frokost 🙂
Den kan da nok tenkast at da blir ein tur i framover, men sykler bakpå..
Etterpå var da klart for Teddybjørn-Picnic i Haraldsvangen, strålande sol, men heise mykje vind, så her gjaldt da å holda på saker og ting, viss ikkje måtte ein springa etter da. Her blei da og ein liten felles cachetur for ein god del av oss til dei boksane som låg nærmast. Og me fekk oss ein tur opp på ti-meteren i stupetårnet for å plukka eine boksen. Der blåste da godt gitt 🙂 Etterpå blei da litt caching mot Frekagjerd, me hadde tenkte oss på ein mystery-tur, men da var så mange andre bokser som dukka opp på veien at da gjekk litt skeis 🙂

På ettermiddagen var da klart for Garden-event i bakhagen til Radisson Blu Hotel Haugesund, der var det både satt opp telt og tent på griller. Og BEKA21 hadde handla inn og laga te grillmat te oss. Luksus.
I kveld merka me at da hadde blitt mykje farting, så da skulle bare bli eit par boksar til på veien heim til BEKA21. Men, så va da disse boksane då, plutselig var me på ein aldri så liten rundtur, og ankom «hotellet» rundt 1 på natta 🙂 Shit happens, me viste jo at me kunne sova litt frampå neste dag.

Lørdagen var da nemlig endelig klart for hovedeventet, Vikingevent på Bukkøy. I dag skulle vi endelig og gjera litt nytta for oss. Lasse hadde oppdrag både i innsjekkinga på formiddagen og som fotograf litt her og der utover dagen, mens eg hadde fått tildelt kioskvakt 🙂 Var litt skeptiske til at da hølja ned på morgenkvisten, men da skein heldigvis opp en del, og holdt seg stort sett tørt heile dagen. Og eg trur at alle storkoste seg lika mykje som oss, både kjekke folk og cacher i nærheten 🙂
På kvelden var da koldtbord med masse god mat og enda meir hyggelig selskap 🙂

I dag (søndag) fekk me sova litt frampå, CITO Avaldsnes begynte nemlig ikkje før kl 13.00. Me klarte jo sjølsagt ikkje å slappa av heilt fram til eventet, så me kjørte ut litt tidligare og tok eit par boksar som stod på ønskelista på veien 🙂
Når me kom fram til nullpunkt regna da godt, og da blei bestemt at me skulle plukke boss på parkering og på veien opp te kyrkja, etterpå fant me oss ein plass innomhus for litt sosialt og loddtrekning før me satte kuresen heimover igjen.

Da har vore ei utrulig gøy veka, både å kjøra rundt med Gorgon Vaktmester og BEKA21 heila veka, samt å fått muligheten til å bu hos BEKA21 med familie 🙂 Men da e nå litt godt å komma heim igjen og då…

Summen for veka blei 144 funn og 7 eventer 🙂

One Comment

Add a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *